Din lokale kraftleverandør

Skjåk Energi Kraft

Skjåk Energi Kraft er lokalisert i Skjåk og er eit kommunalt føretak eigd av Skjåk kommune. Skjåk kommune har stedeverande rettar i Øvre Otta DA og Kraftverket Skjåk 1, som Skjåk Energi Kraft disponerer for kommunen. I tillegg disponerer kraftselskapet konsesjonskraft og andre kraftrettar for Skjåk kommune. Total disponerer Skjåk Energi Kraft ei kraftmengde på ca. 120 GWh kvart år.

Vi leverer kraftavtaler med Standard Variabel pris som fylgjer marknadsprisen. Den går normalt opp når det er kaldt og tørt, og ned når det er blaut og varmt. Med Standard Variabel unngår du dei store pristoppane i periodar med ustabil marknad. Avtala gjev forutsigbarheit og bedre kontroll utan å fylje marknaden tett. Prisendring vert annonsert på Forbrukerrådet sin nettstad strømpris.no og på våre nettsider med 14 dagars varsel. Elsertifikat er bakt inn i kraftprisen. 

Vi har kraftavtalen for den som ønskjer stuttreist kraft frå Skjåk.