Bestill avtale
Skjåk Kraft Hushaldning

Fakta om produktet

Skjåk Kraft Hushaldning er ei Standard Variabel prisavtale som fylgjer marknadsprisen. Den går normalt opp når det er kaldt og tørt, og ned når det er blaut og varmt. Med Standard Variabel unngår du dei store pristoppane i periodar med ustabil marknad. Avtala gjev forutsigbarheit og bedre kontroll utan å fylje marknaden tett. Ved prisendring vert kunden varsla direkte (e-post eller sms) samt annonsert på Forbrukerrådet sin nettstad strømpris.no med 14 dagars varsel. Prisen er oppgjeve inkl. mva. og elsertifikat er bakt inn i kraftprisen. Det er ingen bindingstid. Nettleige kjem i tillegg.

Dette er kraftavtala for hushaldningskundar som ønskjer stuttreist kraft frå Skjåk.

Standard vilkår

Vil du veta meir?
Ring 61 21 38 00
Fyll ut og send bestilling
  1. På bakgrunn av bestilling kan Skjåk Energi Kraft seie opp eventuell avtale med nåverande kraftleverandør. Bytte av kraftleverandør skjer vanlegvis 14 dagar etter at Skjåk Energi Kraft har motteke bestillinga, forutsatt at korrekt data er opplyst frå kunde. Bytte av kraftleverandør skjer i tråd med NVE sine reglar om leverandørbytte.
  2. Skjåk Energi Kraft atterhald seg retten til å kunne avslå kontraktar dersom det er sakleg grunn for dette.
  3. Skjåk Energi Kraft tek atterhald om endringar i offentlege avgifter, samt eventuelt andre endringar av rammevilkår.
  4. Skjåk Energi Kraft informerar om prisendringar 14 dagar før dei trer i kraft, dette vil bli annonsert på vår heimeside og i lokalavisa.
  5. Etter angrerettlova har private forbrukarar 14 dagar angrefrist ved kjøp av kraft, sjå nedanfor for meir informasjon.
  6. Energiforbruket vert avrekna på etteskot i samsvar med faktisk forbruk, ut i frå målarverdiar levert av nettselskapet.
  7. Standard variabel pris (sjå øvst på sida) er inkludert meirverdiavgift og elsertifikat
  8. Hushaldningskundar med to månads faktura har 20 dagar betalingsfrist og 14 dagar på månadsfaktura. Hyttekundar med kvarttalsrekning har 20 dagar betalingsfrist.
  9. Det er ingen bindingstid eller gebyr ved oppseiing av avtala.
  10. Skjåk Energi Kraft har konsesjon og leverar kraft i Skjåk kommune.
  11. Kraft frå Skjåk Energi Kraft vert fakturert saman med nettleiga, som kjem i tillegg. 
  12. Avtala gjeld til den vert oppsagt, med 14 dagar varsel.
Les vilkår