Faktura og betaling

Energiforbruket vert avrekna etterskotsvis i samsvar med faktisk forbruk, ut i frå måleverdiar levert av nettselskap. Skjåk Energi Kraft sender ut strømrekningar til forbrukarkundar 12 gonger pr. år, dvs. kvar månad. Vatningsanlegg blir avrekna kvartalsvis.  

Vi har gebyr på faktura vi må sende i posten. Gebyret er kr 49 pr. faktura. Du kan unngå gebyr dersom du inngår avtale om eFaktura eller ordnar faktura tilsendt på e-post. 

 

Med eFaktura kjem strømrekninga rett i nettbanken din. Du slepp å taste KIDnr og beløp, det einaste du treng og gjere er å godkjenne eFakturaen. Du ordnar eFaktura i din nettbank ved å svare "Ja takk til alle". 

Frå 1. desember 2021 må du gje generell aksept for eFaktura «Ja takk til alle» for å kunne motta rekningar frå bedrifter som du tidligere ikkje har motteke eFaktura frå. Vi oppfordrer difor alle eFakturakundar til å inngå «Ja takk til alle»-avtale så fort som råd. Sjå meir info om eFaktura her: www.efaktura.no/Privat

 

Med e-postfaktura vert strømrekninga sendt til e-posten din og du betaler rekninga på vanleg måte i nettbanken. e-postfaktura kan du ordne sjølv ved å logge inn på din side. Logg inn med kundenr og målarnr (står på strømrekninga). Under kundeprofil kan du ajourføre kundeopplysningar, samt bestille faktura på e- post. Dersom du ønskjer avtalegiro i kombinasjon med e-postFaktura ordnar du dette i nettbanken din.  

 

Dersom du ønskjer avtalegiro på strømrekninga ordnar du dette i nettbanken din. Referanse for avtalegiro finn du på strømrekninga.

 

NÆRINGSKUNDAR

For næringskundar kan vi tilby e-postfaktura og EHF-faktura.

Med e-postfaktura blir strømrekninga sendt til e-posten og dykk betaler rekninga på vanleg måte i nettbanken. E-postfaktura kan dykk ordne sjølv ved å logge inn på din side. Logg inn med kundenr og målarnr (står på strømrekninga). Under kundeprofil kan du ajourføre kundeopplysningar, samt bestille faktura på e- post. Eller ta kontakt, så ordnar vi e-postfaktura for dykk.

 

EHF (Elektronisk Handelsformat) vert brukt av statlege, kommunar og private verksemder for mottak av rekningar. Ein EHF-faktura er ein elektronisk faktura som vert sendt direkte frå økonomisystemet til avsender til økonomisystemet til mottakar. For å kunne motta EHF-faktura må ein ha eit økonomisystem som kan motta og behandle faktura på Elektronisk handelsformat (EHF) og registrere seg som mottakar i ELMA-registeret. Les meir på Difis fagsider om offentlige anskaffelser.

Ta kontakt med oss, dersom du ønskjer å motta strømrekninga di i EHF-format.